Skip to content

Påske

Lat kvar jordisk skapning teia
og i undringsotte stå,
lyfta hendene mot ljoset
fagna kongen ovanfrå!
Høyr, han seier, full av signing,
at me skal til møtes gå!

Kongars konge, fødd til jorda,
som ein tenar hjå oss stod.
Herrars herre vert vår broder,
delar lekam, deler blod,
gjev seg mellom syndarhender.
Brød og vin er gåva god.

 

Rad på rad lat himmelherar
kransa vegen kongen dreg!
Livsens skapar, ljosens berar,
herlegdom useieleg!
No lyt helheims hopar røma.
Mørker vik på all hans veg.

Sjå serafar, kor dei blenkjer
kring hans stol i himmelhamn!
Sjå, dei lyfter sine venger,
løyner andlet djupt i famn:
«Hosianna, hosianna,
du som kjem i Herrens namn!»

 

(t. Gerard Moultrie, etter St. Jakobs-liturgien, o. Per Lønning,
brukes i den bysantiske liturgi på påskeaften)

Følg oss

Get the latest posts delivered to your mailbox: